Senioringeniør (mellombels, 80%) [Norway]


 

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Senioringeniør

Ved Institutt for biovitenskap er det ledig ei mellombels 80 % stilling (2,5 år) som senioringeniør.

Stillinga er ledig omgåande.

Om instituttet

Institutt for biovitskap (BIO) er eit mangfaldig og breitt institutt som er høgst involvert i emner som opphav til liv, effektar av klima og globale endringar, fiskeri, akvakultur, fiskehelse, ernæring, arktiske område, samt global utvikling og berekraft relatert forsking.

Gjennom samlokalisering og samarbeid med forskingsgrupper, er forskinga ved BIO tett knytt til biologisk forsking ved Universitetsmuseet i Bergen, Norwegian Research Centre AS (NORCE), og Havforskingsinstituttet (HI). BIO er lokalisert i moderne fasilitetar ved Marineholmen, nær by-sentrum i Bergen.

Utdanninga ved instituttet dekker eit breitt felt av biologiske disipliner som blir gitt gjennom to bachelorprogram, to masterprogram, to integrerte femårige master program (Fiskehelse, og Havbruk) og lærarutdanning, i tillegg til doktorgradsutdanning. BIO har eit særskild fokus på utvikling av kvalitet i undervising og læring, og har nyleg blitt med i eit interdisiplinært masterprogram-initiativ i berekraft ved UiB.

Instituttet er det største av sju ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, og har for tida om lag 300 tilsette, derav meir enn 60 professorar og førsteamanuensar, om lag 80 PhD studentar og postdoktor-kandidatar, samt 70 teknisk/administrative

Arbeidsoppgåver:

  • Sekvensanalyser på DNA og proteinnivå, inkludert primerdesign.
  • Kloning av kjernereseptorer fra ulike vev. Dette inkluderer RNA-rensing, cDNA syntese, blunt-end-kloning i E. coli, arbeid med plasmider, DNA sekvensering, og analyse av DNA sekvenser fra Sanger sekvensering.
  • Etablere og utføre gen-reporter assays for å studere ligand-aktivering av kjernereseptorer. Dette innebærer dyrking av eukaryote cellelinjer (sterilteknikk), transient transfeksjon av celler med bakteriell DNA (plasmid), eksponering av celler for miljøgifter, måling av luciferase-aktivitet med et luminometer og databehandling.
  • Rekombinant uttrykning av kjernereseptorer i E. coli og rensing av reseptorer med søylekromatografi (HisTrap, gelfiltrering) med bruk av FPLC instrumentering.
  • Etablere og benytte AlphaLisa teknologi (PerkinElmer) til å påvise og kvantifisere reseptor-ligand interaksjoner.
  • Bidra til å utvikle og vedlikehalde laboratoria og for metodeundervisning og -rettleiing.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha mastergrad eller PhD innan molekylærbiologi eller cellebiologi.
  • Søkjarar må ha brei erfaring med kloningsarbeid av eukaryote gener.
  • Søkjarar må ha erfaring med å etablere og anvende luciferase-baserte reporter gen assay.
  • Søkjarar må ha erfaring med rekombinant uttrykking av protein i E.coli, samt reinsing av desse med bruk av søylekromatografi og FPLC.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Erfaring med eksperimentelt arbeid med kjernereseptorer er ein føremon.
  • Søkjarar bør ha god administrativ IT-kompetanse.
  • Brei røynsle i HMS-arbeid er ein føremon.
  • Søkjarar må ha stor arbeidskapasitet, ha interesse for forsking, og vere ansvarsmedviten.
  • Søkjarar må jobbe systematisk og sjølvstendig, men samstundes kunne arbeida i team.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø.
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i det statlege lønsregulativet og brutto årsløn mellom kr.575 400 – 604 900 (tilsvarande ltr.59-62). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Odd André Karlsen, Institutt for biovitenskap, odd.karlsen@uib.no eller professor Anders Goksøyr, Institutt for biovitenskap, anders.goksoyr@uib.no.

For HR-relaterte spørsmål kan du kontakte rådgjevar Therese Myhre Odfjell, therese.odfjell@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Om Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre.

Spørsmål om stillinga

Therese Myhre Odfjell

Rådgiver

therese.odfjell@uib.no


Søknadsfrist

26. november 2023

Arbeidsgivar

Universitetet i Bergen

Kommune

Bergen

Omfang

Heiltid

Varigheit

Vikariat/mellombels

Arbeidsstad

Thormøhlens gate 53 A-B, 5006 Bergen

    Ledige stillingar - Universitetet i Bergen

$ads={2}


 

.

$ads={1}

Post a Comment

Previous Post Next Post

Sponsored Ads

نموذج الاتصال